
Du tilbakekalla sesjonen. Men sjekka du om angriparen registrerte si eiga eining?
Noko av det eg tok med meg heim frå Workplace Ninja Summit i Baden, var kor mykje eininga faktisk betyr for identiteten. Vi snakkar mykje om MFA, passkeys, Conditional Access og token. Men eininga er ikkje berre noko brukaren sit framfor når den loggar inn. Eininga kan sjølv bli ein del av tillitskjeda. Det poenget vart tydeleg gjennom sesjonane om moderne identitetsangrep, device trust, passkeys og privilegerte arbeidsplassar. Kort tid etter konferansen kom det konkrete angrep som gjorde problemstillinga langt mindre teoretisk. ...

